Untitled Document
 Framsida | Om oss | Bilde arkiv | Filmproduksjon | Portrett | Reklame | Linker | Kontakt oss |

Verksemda i dag
Fotograf Bjørn Bergum driv 2.generasjon av familieverksemda som faren Leiv Bergum starta i 1950 i Sogndal. Fleire av fagfelta er vidareført, med portrett, familie-, brude, landskaps og reklamefotografering som hovudfelt parallelt med videofilmproduksjonar. Også innramming av kundebilder er vidareført. Juniorfotografen starta karriera etter endt militærteneste og hadde si første brudefotografering i 1975, der bruda besvimte.

Me var lenge knytt opp til fagfotografkjeda Famegruppen, med fagproduksjon av bilda våre, fagleg inspirasjon og gode konkurranser, heilt til den vart konkurs. I dag er vi tilbake med kontroll over fargekorrigeringane som på 70-talet og produserer våre eigne fagbilder.

Utstyr
Den digitale tidsalderen tok først til med eit Nikon Coolpix som vart nytta til landskapsfotografering og makroopptak. Sidan vart fagfotograferinga på digitale medium frå 2004 med eit Nikon D 70 og Nikon D200

 

Historie
I Sogndal har det vore fleire fotografar gjennom tidene. Leif Bergum starta opp etter å ha gått i lære hjå svogeren sin, Dagfinn Reiakvam i Førde. Han tok deretter svennebrev i fotografifaget.

Verksemda starta med portrett- og reklamefotografering, fotohandel og råmeverkstad. Fotograferinga skjedde forutan i studio også rundt om i sognebygdene. I den tida hadde ikkje alle privatbilar som i dag, og for å nå ut til alle oppsøkte han difor kundane på staden. Fotografen var etterspurd, og mange møtte opp for å la seg avbilde i lag, eller dei tok bilder av borna sine åleine.

Fotoapparat i alle heimar var heller ikkje vanleg. 17. mai vart både barnetoget og folketoget omhyggeleg festa på film. Bilda vart stilt ut i butikkvindauge, og folk kunne bestille bilder der deira håpefulle var avbilda, eller berre som minne frå festdagen.

Reklame fotografering var eit viktig bidrag tidleg i verksemda si historie. Bruk av bilder i annonseringa vart meir vanleg, og verksemder måtte få hjelp til avbildinga. Seinare vart produksjon av brosjyrer vanleg spesielt innan reiselivsverksemdene.

Landskapsfotografering har vore Leiv Bergum sitt varemerke. Det var i dei første morgontimane at landskapet fekk det særeigne karakterlyset som kjenneteiknar landskapsmotiva hans. Fleire av motiva vart trykt til postkort, billedbøker eller brukt i kalenderar som og var ei viktig inntektskjelde.

Etter kvart vart det fleire og fleire som fekk fotoapparat. Leiv hadde kommisjonerar i heile fylket og Møre og Romsdal. Desse tok imot film til framkalling som dei vidaresende for produksjon i Sogndal. Me hadde den einaste printaren for å produsere bilder i fylket, og dreiv ei tidleg form for postordreproduksjon.

Utviklinga i verksemda har skjedd i takt med den tekniske utviklinga, og invisteringane har difor vore mange og til dels store heilt fram til dags dato. Mykje av det gamle utstyret er teke vare på og alt det gamle filmmaterialet er framleis i arkivet. Den første tida vart filmane framkalla i svært farlege, opne kjemikaliebad. Og fotografen hadde difor dette ureinande arbeidet oppe på mørkaloftet. I den første fotograferingstida var det ikkje film, men store glasplater på ca 10x15 cm som bildet vart festa til. Først i 19**** kom filmen, som var lettare å handtere, og ein kunne no ta fleire bilder av kvar serie.****

Leiv Bergum bygde eigne forretningslokaler saman med Olav Th. Aaberge som dreiv variert handel i nedste Fjøra. Dei satte opp eit felles bygg langs Gravensteinsgata. I 1968 flytte forretningen inn i desse nye, moderne lokala.

Kona, Else Bergum hadde hatt arbeid i musikkforretning i Stavanger og byrja med sal av platespelarar og eignen platebar i deler av lokala. Ho hadde godkjenning på å kunne trakte eit instrument, som var kravet for å starte slik verksemd den gongen.

Verksemda var dei første som starta produksjon av fargebilder i fylket. Det var bilda som var tenkne av fotografen som vart laga her. Utviding til produksjon av amatørbilder frå privatkundar kom først i gong på 80-talet. Produksjon av fargebilder var ikkje noko automatisk affære, og ein måtte ha god kunnskap om fargebalanse for å lukkast.

Hausten 1994 vart fotohandelbutikken leigd ut til ”Leirdal Foto”. På den måten kunne Bjørn Bergum nytte sin tid betre ved å satse meir på filmproduksjon og fotografering. Firmaet vart endra til Fotograf Bjørn Bergum as.